Forebyggjande tiltak

 

Dessverre er det ikkje mogeleg å verna seg fullstendig mot innbrot. Men du kan gjera det  vanskelegfor tjuven at han avstår grunn av at risikoen for å mislukkast og verta teken er for stor. Utgangspunktet er at du syt for ei optimal sikring av bustaden din ved å installera innbrotsalarm. Dette føreset imidlertid at alarmen er tilknytt ein alarmsentral, og at eit vaktselskap står for døgnkontinuerleg og rask utrykking til staden.

 

 

innbrudd10

 

 

Nabohjelp er effektivt. Bustaden bør sjå bebudd ut. Allier deg med naboar, familie eller vener når du er bortreist.


La noko lys stå på, gjerne i kombinasjon med tidsbrytar.
Skikkeleg utvendig belysning er forebyggjande, gjerne med fotoceller som slår seg på når nokon nærmar seg. Tjuven jobbar helst utan å verta sett, og han vil stort sett prøva seg på vindauge eller dører som ikkje er belyste.
La gjerne ein radio stå på. Det verkar avskremmande, og gjer tjuven usikker på om det er folk tilstades.
Nokon dreg føre gardiner, for at treverk og møblar ikkje skal falma. Er vindauga tildekka, er dette eit signal på at bustaden din står tom. Drag derfor ikkje føre gardinene, med mindre du ikkje vil gjera spesielle verdigjenstandar synlege for tjuven.
Der vindauga vert sette inn og lista etterpå, bør du først sikra ruta med silikon, slik at tjuven ikkje kan lyfta glaset rett ut.
Vindauge og hengsler bør festas med einvegsskruar.
Det kan vera smart å plassera dei mest verdifulle gjenstandane dine i ein bankboks. Eit anna alternativ er ein safe/ sikkerheitsskåp som er boltra fast.
Noter ned serienummer på gjenstandar. Merking og inngravering av omsettelege gjenstandar som datautstyr, verktøy og kamera, gjer dei mindre attraktive å stela.
Lat nabo, familie eller vener passa på ekstranøklar. Gøym dei helst ikkje ved huset. Tjuven kjenner til alle vanlege stadar nær døra.
Ver varsam med Facebook. Hald ferieplanen vekke frå Facebook.
Hugs å vidare kopla hustelefonen når ingen er heime og ikkje legg igjen beskjed på svararen om at du er på ferie.
Kameraovervaking er effektivt. Sjå kva som skjer og kven som er på staden, når alarmen din går. Kvam Security tilbyr kameraovervaking av bustaden din, hytta eller verksemda di, med direkte overføring til PC-en din og med opptakshøve. NB: dette krev breiband.
Har du hytte i hyttegrend, er det forebyggjande dersom hytteområdet har bom med nøkkel.
Generelt, ver skeptisk til ukjende som ringjer på døra, og ver merksam på ukjende bilar i nabolaget. Ein del tjuveri skuldast i dag omreisande. Tjuvane er profesjonelle, og dei bruker ofte tid på å rekognisera før dei slår til. Stadig fleire innbrot skjer og medan folk er heime. Ha derfor aldri vindauga heilt opne når du søv, men i sikker låsestilling. Alarmen din kan også brukast når du søv og vil varsla dersom nokon går inn i ei overvaka sone.
Eit alarmanlegg vil virka avskrekkande, forebyggjande, varslande, skadeavgrensande, reaksjonsutløysande og vil raskt gjenoppretta tryggleiken.

Copyright © 2015. All Rights Reserved.