Kvam Security tilbyr generelt dei fleste typar tenester som inngår under emnet Vaktvirksomhet.

 

Likevel ser ein at det ved Kvamskogen kan dukke opp andre utfordringar enn det som generelt inngår under vakttenester. I den samanheng vil ein alltid kunne henvende seg til oss med forespørsel. Det kan vere hjelp til måking, rydding, tilkøyring av ved, bæring o.l.

 

Me bistår også med annan service og vil til dømes vere behjelpeleg med å varme opp hytta di før dykk kjem.Om det skulle vere ynskjeleg kan me også gjera nødvendige innkjøp og få varane dykkar plassert i hytta til avtalt tid. Sjå meir om dette under punktet transport og varelevering.