Kvam Security har beredskap og ledig personell for snørydding.

Ved henvendelse vil mannskap frå Kvam Security på kort varsel kunne køyre ut og bistå dykk med dette.

 

  • Det kan vere situasjonar der det er komen mykje snø i løpet av kort tid.
  • Det kan vere i situasjonar der ein er usikker på om taket vil bere snømassane, eller ein altan eller inngangsparti som skal ryddast før du kjem opp til hytta.
  • Det kan vera strevsamt og tidkrevjande å ta spaden fatt når ein kjem fram til hytta ein mørk fredags kveld. 

 

Me ryddar gjerne snøen for deg, slik at du kan spasere heilt fram til inngangsdøra.