Kvam Security har ein heilårleg og døgnkontinuerleg beredskap til sjøs. Beredskapsbåten er ein del av vår generelle operative beredskap. Det vil seie at båten til ei kvar tid, året rundt, kan bemannast av vår vakthavande og på kort varsel rykke ut til ulike oppdrag. Vi tilbyr båten til bruk som utrykkingsassistanse for naudetatane i Kvam, samt for andre lag/ organisasjonar som driv med redningsarbeid. Båten har ved fleire høve vore nytta i samband med redningsaksjonar der vi har bistått brann, politi og helsevesen.

 

beredskapsbaat

 

 

Spesifikasjonar:

Type

Yamarin 650 Big Catch

Størrelse

21 fot

Motor

Mercury 150 Hk

Maksfart

40 knop

Vekt

1050 kg

Kapasitet

6 personar

 

 

Kvam Security har i tillegg eit samarbeid med beredskapsbåten "Pilagut" som ligg til kai i Jondal. Dette er ein båt Kvam Security kan nytte seg av dersom oppdraget ikkje kan utførast med vår eigen båt grunna kapasitet eller for dårleg vær.