Me tilbyr døgnkontinuerleg utrykking til våre alarmkundar.

 
edited.jpg

Brannalarm

Brannpakken er ein tryggleikspakke som gjeld brannalarm og utrykking til denne. Brannavtalen er ein unik avtale som Kvam Security har med Brannvesenet i Kvam. Avtalen gjeld direkte utrykking frå Kvam brann og redningstenester til abonnentar av brannpakken. For mer informasjon om denne avtalen med Kvam brann og redningstenester, se under fanen info. Brannavtalen er frivillig. Du kan velgja om du ynskjer brannalarm med eller utan brannavtalen med Kvam brann og redningsteneste.

Pris pr mnd: frå kr 339,-

break-in-brutal-burglar-8827.jpg

Innbrotsalarm

Dette er ein tryggleikspakke med innbrotsalarm i tillegg til overfalls/ tryggleiksalarm. Tryggleikspakken inkluderer ei døgnkontinuerleg utrykking til deg - heile året - dersom innbrotsalarm din går, eller dersom du utløyser ein overfalls-eller tryggleiksalarm. Kvam Security skiltar med kort responstid, og gratis utrykking til alle privatkundar, med unntak av tilfelle som står spesifisert i forretningsvilkåra. Det vert ikkje sett nokon krav om kva for tilfelle du kan utløysa ein overfalls/ tryggleiksalarm. Det held for oss at du er redd, og ynskjer oss til staden, for å sikra situasjonen for deg. For privatpersoner er utrykking til overfalls/ tryggleiksalarmar gratis, med mindre kunden utløyser fleire enn 3 overfallsalarmar pr. år.

Pris pr mnd:  frå kr 339,-

Hyttealarm

Kvam Security monterer kun FG-godkjente alarmprodukt. Me har spesialisert oss på ein av markedets mest driftssikre alarmtype, Agility med integrert GSM-sendar. Dette er eit alarmanlegg som er særs enkelt å bruke, med bl.a. ein fjernkontroll med av/på knapp, for betening av heile anlegget. Ein treng såleis ikkje vera bekymra for å måtte setje seg inn i kodar og tal for å bruke våre alarmanlegg. Alarmanlegget kan også styrast med APP og har kamerafunksjon. Vårt abonnement er det rimelegaste ved Kvamskogen, frå kun kr. 339,-/mnd som inkluderar innbrots-og overfallsalarm, fri utrykking og fri årleg service av alarmanlegget.

Våre hyttekunder er også nøgd med at dei automatisk får melding ved straumbrot på hytta. Ved straumbrot på hytta rykkjer Kvam Security ut utan kostnad og utbetrar straumbrotet.

Ved utløyst alarm vil vår næraste ledige mobile vektar rykke ut mot hytta di, for å undersøke og kvalitetssikre at alt er som det skal.


Akuttalarm

Har du behov for ei midlertidig alarmteneste i samband med til dømes ein truande situasjon, oppussing, nybygg, innbrot eller skade?
Eller kunne du tenkja deg ekstra tryggleik rundt ein bygning i et visst tidsrom, til dømes i samband med oppbevaring av verdigjenstander, arrangement, kunstutstillingar med meir?

Kvam Security kan sikra din bustad, butikk, byggjeplass, ditt utstillingslokale, eller anna som treng umiddelbar sikring, 24 timer i døgeret - 365 dagar i året, og alarmen er på plass i løpet av minutt!
Det mobile tryggleiksanlegget sikrar deg mot overfall, innbrot og brann.

Anlegget er eit sabotasjesikkert alarmanlegg. Det vert kopla til 230 volt, men har batteridrift ved straumbrot. Anlegget kan leigast for korte eller lengre periodar.

Ta kontakt med Kvam Security tlf. 924 24 400, for å få meir informasjon om dei mobile tryggleiksanlegg

door-handle-key-279810.jpg

Overfallsalarm

Dette er ein alarmpakke med rein overfallsfunksjon. Ein overfallsalarm gjev deg tryggleik i høve der du opplever ein trugande situasjon og ynskjer vektar til staden.

Pris pr mnd: frå kr 339,-


Totalpakke

Denne tryggleikspakken er ein totalpakke som inkluderer alle alarmtenestene våre: Brannalarm med eller utan brannavtalen med Kvam brann og redningsteneste. Innbrotsalarm med døgnkontinuerleg utrykking. Overfalls/ tryggleiksalarm med døgnkontinuerleg utrykking.

Pris pr mnd:  frå kr 369,-

 

Alarmanlegg til bedriftskundar

Kvam Security kan etter befaring og prosjektering gje pristilbod på nytt alarmanlegg. Me kan også overta drifta av allereie eksisterande alarmanlegg.

Kvam Security samarbeider med dei lokale EL-bedriftene ved større alarminstallasjoner, teknisk drift og årleg service av av alarmanlegg til bedriftskundar.

Kvam Security har lang erfaring med alarmar, og vil som lokal aktør tilby deg hurtig support ved eitkvart problem med alarmanlegget.

Abonnement og pris for utrykking til verksemnder
For bedriftskundar må kvart objekt vurderast etter storleik, omfang og risiko. Kvam Security vil gje eit tilbod til kvar einskild bedriftskunde.

 

Kontakt oss

vaktstab-2011.jpg

Kvam Security
Telefon: 924 24 400
Adresse: Hardangerfjordvegen 401, 5610 Øystese