§ 1. GENERELT

For å kunna teikna eit abonnement hjå KVAM SECURITY vert det kravd at du er myndig - over 18 år.


§ 2 AVTALEINNGÅING

Etter at du har teke kontakt med oss, vil vi etter avtale med deg føreta ei synfaring av objektet ditt, og gje eit tilbod som er tilpassa dine behov og ynskje. Dersom du aksepterer tilbodet, må skriftleg kontrakt fyllast ut og signerast.

Ein kjøpekontrakt/ eit abonnement oppstår fyrst når den skriftlege avtalen er signert av partane. Avtaleteksten vil verta lagra hjå oss. Kunden tek imot ein kopi.

Kontraktar som vert inngått med Kvam Security gjeld kjøp av alarmtenester. Det utstyret ein ynskjer vil verta montert hjå kunden, og KVAM SECURITY vil yta tenester etter vilkår som er gjevne nedanfor, som er standardvilkåra til leverandøren. Ved motstrid mellom den skrifteleg avtalen og standardvilkåra nemnde nedanfor, er det vedtaka i den signerte avtalen som skal gjevast førerang.


§ 3 PRODUKT

Vi tilbyr dei produkta som står skildra på den respektive internettsida vår www.kvamsecurity.no


§ 4 ABONNEMENT

 Vi tilbyr dei vektartenestene som står skildra på heimesida vår  www.kvamsecurity.no

Ved inngåing av eit abonnement er det 3 års bindingstid. Bindingstida startar etter den fyrste installasjonen. Seinare installasjonar fører til ny bindingstid.

Dersom avtalen ikkje vert sagt opp innan 2 månader før bindingstida er slutt, vert kontrakten fornya automatisk. Etter at bindingstida er slutt, gjeld dei oppseiingstidene som er nemnde under § 16 om oppseiing av abonnement.


§ 5 INSTALLASJON AV ALARM

KVAM SECURITY, eller installatør som er godkjend av KVAM SECURITY, installerer alarmen din. Alarmen og alle komponentane som høyrer til alarmen er offentleg godkjente.

Kvar kunde får i tillegg oppmontert 1 husskilt med informasjon om at objektet er verna av alarm. Kundane får og nødvendige klistrelappar til merking av einskilde dører og  vindauge. Ynskjer kunden fleire vegg/ husskilt, kan montør levera dette mot eit avtalt vederlag.

Etter oppmonteringa vil installatør gå igjennom ein alarminstruks og rutinar ved utløyst alarm og utrykking. I tillegg vil kunden få brukaropplæring for alarmsystemet av installatør. Kunden vil og få utlevert ein ferdigattest.

Det er eit vilkår at det finst ein 220/230 volts stikkontakt innanfor 5 meter frå plasseringa til sentraleininga. I dei tilfella der avstanden er lengre enn 5 meter, kan KVAM SECURITY gjera avtale med kunden om eit tillegg i pris for installasjon.

I dei tilfella der kabelarbeidet er komplisert eller krev ekstra ressursar, vil det verta avtalt ein fast pris for installasjon av alarm.

For kundar som skal ha alarmen tilknytt fasttelefon, vert det kravd at telefonlinja skal vera analog. Dersom ein ikkje har analog linje, vil ein GSM-alarm eller innkjøp av ei analog telefonlinje vera eit alternativ.

Kundar som skiftar til IP-adresser, eller på annan måte endrar infrastrukturen slik at endringar i alarm-installasjonen er nødvendige som fylgje av dette, er sjølve ansvarlege for utgifter dette vil medføra for å få alarmen i funksjon att.

Dersom kunden etter installasjon av alarmsystemet utfører bygningsmessige endringar, som gjer at alarmsystemet må endrast eller byggjast om, må kunden sjølv dekkja kostnaden for dette.

Det same gjeld ved ytre fysiske påverknader eller andre ytre omstende, som til dømes skadeverk, lynnedslag, brann eller overfløyming.

Kunden vil sjølv verta eigar av alarmanlegget som kunden kjøper. Føresetnaden er at kunden har betalt avtalt vederlag utan forseinkingar i bindingstida.  

§ 6 SERVICE

Teknisk service vert tilbydd og utført ein gong i året av KVAM SECURITY, så lenge kunden abonnerer på alarmtenestene våre.

Ved feil på alarmsystemet, vil KVAM SECURITY utføra service så fort som mogeleg, og normalt seinast 10 virkedagar etter at feilmelding er motteke.

Den årlege kontrollen inneber ein fysisk test av funksjonane og komponentane til alarmsystemet, og byte av batteri. Materielle kostnader og utgifter til batteri vert krevd frå kunden.

Kunden skal regelbunde testa/ sjekka alarmsystemet, og ved eventuelle feil må kunden varsla KVAM SECURITY. 

Spindelvev og støv kan føra til feilmeldingar og funksjonsfeil. Kunden er derfor forplikta til å halda detektorar, og området nær detektorar reine.

Serviceavtalen omfattar ikkje feil på telenettet generelt eller signaloverføringa til teleleverandøren, då dette ikkje er tenester som er leverte av KVAM SECURITY.

Berre personer med autorisasjon frå KVAM SECURITY kan utføra service og vedlikehald på alarmane. KVAM SECURITY står ikkje ansvarleg for skade, som kunden eller andre personer utan løyve frå KVAM SECURITY, gjer på alarmen. Dette gjeld til dømes skade som har oppstått ved eige forsøk på reparasjon, eller andre inngrep på alarmen. Slike tilfelle medfører ikkje ansvar for KVAM SECURITY.

For dei fleste bedriftskundar benytter KVAM SECURITY seg av lokale elektrikarar for montering av alarm og årlig service. For dei av bedriftskundane våre som har signert ein serviceavtale med lokal elektrikar, vil drifta og den årlege servicen verta utført ihht. denne avtale. KVAM SECURITY fråskriv seg ansvaret for drifta av dei nemnde alarmanlegg.

§ 7 ALARMMOTTAK OG UTRYKKING

Alle alarmar som vert mottekne av vår alarmstasjon vert kontrollringde vidare til kunde og vektarpatrulje. Dersom kunden mottek telefon frå alarmstasjonen, skal han svara med å oppgje rett stikkord (hemmeleg) for avlysing av aksjonen.

Dersom kunden eller representanten til kunden ikkje svarer på telefon, eller ikkje oppgjev korrekt stikkord, fortset aksjonen med utrykking.

KVAM SECURITY utfører inga utrykking, dersom kunden eller representanten til kunden oppgjev korrekt hemmeleg stikkord, etter at alarm er utløyst.

Dersom kunden sjølv har utløyst alarmen og ikkje tek imot oppringing frå alarmsentralen, er kunden forplikta til å ringja alarmstasjonen tlf. 55 39 29 16 umiddelbart, for å stoppa aksjonen. Dersom kunden ikkje meldar i frå om at alarmen er falsk, vil KVAM SECURITY fakturera kunden for  utrykkinga. For utrykkingskostnader, sjå § 8.

 

§ 8 PRIS FOR UTRYKKINGAR

Hovudregelen er at utrykking til privatkundar er inkludert i abonnementet, for unntak les vidare.

Utrykkingskostnader i samband med innbrotsalarm:

Utrykking til innbrotsalarmar er inkludert i abonnementet for privatpersonar. KVAM SECURITY vil ikkje fakturera privatkunder verken ved feilbruk eller andre uynskte alarmar, med mindre alarmen vert utløyst ved grov aktløyse, eller ved forsett.

Næringsliv- og bedriftskundar, må betale avtalt gebyr for utrykking.

Utrykkingskostnader i samband med brannalarm:

KVAM SECURITY har inngått ein samarbeidsavtale med Brannvesenet i Kvam.

Avtalen inneber at når en brannalarm går, vil alarmsentralen ringja opp kunden på det telefonnummeret som kunden har oppgjeve. Dersom kunden avkreftar brann, vert brannutrykkinga avslutta.

Dersom alarmsentralen ikkje oppnår kontakt med kunden eller kunden ikkje kan avkrefta brann, vil Brannvesenet i Kvam føreta ei umiddelbar utrykking til staden.

Vert Brannvesenet i Kvam fyrst kopla inn, vil sjølv ei byrjande utrykking medføra krav om vederlag, med mindre det er ein reell brann eller eit reelt branntilløp. Dette vert ei intern sak mellom kunden og Brannvesenet, som ikkje gjeld KVAM SECURITY.

Likevel er det svært viktig at kunden umiddelbart melder frå dersom det er ein falsk alarm, slik at ein unngår full utrykking frå Brannvesenet, i tilfelle der det ikkje er brann.

 Ved falsk brannalarm vil kunden verta fakturert med fylgjande beløp frå Brannvesenet i Kvam (med atterhald om justeringar):


Kostnadene ved brannutrykning er dei same for privatkundar og bedriftskundar.

I tillegg til desse satsane, vil Brannvesenet i Kvam krevja eit administrativt påslag på NOK 150,- Beløp som er nemnde vil gå til Brannvesenet i Kvam, i kompensasjon for noko av utgiftene deira i samband med utrykkinga.

Alle dei nemde utgiftene må dekkjast av kunden.

KVAM SECURITY vil likevel understreka at så lenge kunden kan stadfesta ein falsk brannalarm i tide, vil kunden ikkje motta økonomiske krav i samhøve med overståande.

Merk deg at avtalen mellom KVAM SECURITY og Brannvesenet i Kvam vert reforhandla kvart år, slik at KVAM SECURITY ikkje kan stilla nokon garanti for at dei nemnde vilkåra vil verta dei same for framtidige år. I tilfelle endring i avtalen med Brannvesenet, vil KVAM SECURITY gje kundane skriftleg varsel om dette, sjå under § 12 om endring av vilkår.

Utrykkingskostnader i samband med overfallsalarm:

Utrykking til overfallsalarmar er inkludert i abonnementet for privatkundar.*

Det kan vera mange årsaker til at kunden utløyser ein overfallsalarm. KVAM SECURITY vil ikkje på noko tidspunkt stilla krav til årsak, eller gje vilkår om kva for situasjonar kunden kan utløysa ein overfallsalarm kostnadsfritt. Det held for oss at du er redd og ynskjer oss til staden, for å sikra situasjonen for deg.

*For å hindra at ordninga vert misbrukt med svært mange overfallsutrykkingar til eitt objekt, vil KVAM SECURITY fakturera kundar som uløyser meir enn 3 overfallsalarmar pr. år. Vert det utløyst fleire overfallsalarmar, vil kunden verta fakturert med dei same satsane som til ei kvar tid er sette for Brannvesenet si utrykking.

Pris på utrykking til overfallsalarmar for bedriftskundar vert avtalt individuelt.

Krav om å ringe alarmstasjon ved utløyst falsk alarm

Ved utløyst falsk alarm, uansett type alarm - når brukaren sjølv er til stades, er kunden forplikta  å ringa  til alarmstasjonen om at alarmen er falsk, slik at evt. utrykking kan avbrytast. Dersom ikkje kunden ringer til alarmstasjonen og kvitterer på falsk alarm, og vektar rykkjer ut til staden, vil Kvam Security fakturera kunden for utrykkinga.

§ 9 BYTE  AV VAKTSELSKAP

Er du alt abonnent av tenester frå KVAM SECURITY og ynskjer å byta til eit anna vaktselskap, vil vi ikkje krevja deg noko oppseiingsgebyr, dersom bindingstida er slutt og gjeldande oppseiingsfristar vert overhaldne.

 

§ 10 BETALINGSVILKÅR

Dersom ikkje anna er avtalt, gjeld førehandsbetaling for tenester hjå KVAM SECURITY.

Det er ynskjeleg at betaling vert gjennomført ved månadleg avtalegiro, det vil seia månadleg trekk frå kunden sin konto. Dette er ikkje eit vilkår dersom kunden har motførestillingar mot bruk av avtalegiro.

Ved kontraktsinngåing vil du få papir for inngåing av avtalegiro. Ynskjer du ei anna betalingsform, må du gjera avtale med KVAM SECURITY om dette.

Når det gjeld kjøp av produkt, alarm, komponentar, batteri med meir,  vert det sendt faktura til kunden, etter at vara er levert og oppmontert. Her gjeld ein 10 dagars betalingsfrist frå fakturadato.

Dersom ikkje kunden betalar beløpet som er forfalt seinest 10 dagar etter forfallsdagen, vert det lagt til (utan varsel) renter frå forfallsdagen. Dette er i samhøve med lov om renter ved for sein innbetaling, med tillegg av eit purregebyr på NOK 50,- per rentenota.

KVAM SECURITY reserverer retten til å overdra kravet til 3. part, og eigendomsretten til varene, inntil desse er fullt betalte og bindingstida er slutt.

 

§ 11 PRISJUSTERINGAR

Dersom kostnadene til leverandøren eller føretaket stig, som følge av pris og lønnsauke, auka sosiale utgifter eller andre relevante avgifter, har KVAM SECURITY rett til å kunna heva pris. Ein slik auke kan fastsetjast einsidig med verknad to månader frå skriftleg varsel vert gjeve. Slik prisendring kan ikkje gjerast i løpet av bindingstida på eitt år frå avtalen tek til å gjelda.

 

§ 12 ENDRING AV  VILKÅR

KVAM SECURITY har rett til, etter eige skjøn, å endra prisar og tenester og eventuelle rabattar for sine tenester med to månaders varsel. Slik endring kan ikkje gjerast i løpet av bindingstida på eitt år frå avtalen tek til å gjelda.

Endringar i avtale med KVAM SECURITY som gjeld omfang, tenester, leveringsvilkår, betalingsmåtar m.m. skal gjerast skriftleg ved at det vert sendt pr. post eller e-post til abonnenten.

 

§ 13 ADRESSE, E-POST-OG TELEFONINFORMASJON

Du er på eitkvart tidspunkt forplikta til å halda KVAM SECURITY informert om din noverande bopel, e-post og det telefonnummeret som du og dine oppnemnde kontaktpersonar er tilgjengelege på.

Endringar av adresse, e-post eller telefonopplysningar skal kunden melda ifrå om skriftleg via post, e-post til post@kvamsecurity.nopost@kvamsecurity.no, eller munnleg til KVAM SECURITY tlf. 924 24 400.

§ 14  LENGDE PÅ ABONNEMENTET 

Ved inngåing av eit abonnement er det 3 års bindingstid.

Abonnementet gjeld inntil det vert oppsagt av ein av partane i samhøve med vilkår om oppseiing.

Ved sal eller flytting frå eit objekt med alarm frå KVAM SECURITY installert, vil den nye eigaren eller leigetakaren kunne treda inn i den alt etablerte kontrakten.

 

§ 15 MISLEGHALD

Dersom kunden eller KVAM SECURITY mislegheld pliktene sine, kan den krenka parten setja ein rimeleg frist for å få forholdet retta. Om feil eller manglar ikkje er utbetra innan fristen, kan avtalen/ abonnementet hevast med 30 dagars varsel.

Ved rettkomne reklamasjonar av tekniske leveransar skal KVAM SECURITY reparera eller erstatta med nytt det som ikkje er i kontraktsmessig stand. KVAM SECURITY har ikkje erstatningsplikt ut over kostnadsfri reparasjon eller utskifting.

 

§ 16 OPPSEIING AV ABONNEMENT

Eit abonnement kan når som helst seiast opp etter at bindingstida er slutt. Det er tre månaders oppseiingstid rekna frå den fyrste datoen i månaden etter. Oppseiinga må sendast skriftleg til KVAM SECURITY i form av ein signert e-post til post@kvamsecurity.nopost@kvamsecurity.no, eller ved eit signert brev til KVAM SECURITY Morten Garen, Norheimsvegen 77, 5600 Norheimsund.

Døme: Dersom ein ynskjer å seia opp eit abonnement med verknad frå og med 1.januar 2010, må ein seia opp abonnementet tre månader før, det vil seia at KVAM SECURITY må motta skriftleg oppseiing innan 30. september 2009.

Når KVAM SECURITY har motteke ei oppseiing, får kunden tilsendt ei stadfesting via post/e-post. Dersom kunden ikkje har motteke ei slik stadfesting innan åtte dager, har kunden ein plikt til å senda ei ny oppseiing til KVAM SECURITY, i lag med kopi av den tidlegare oppseiinga.

KVAM SECURITY har rett etter eige skjøn å seia opp abonnementet med ein umiddelbar verknad, utan grunngjeving. Ei slik oppseiing frå KVAM SECURITY må fremjast skriftleg.

§ 17 OPPSEIINGSGEBYR

Kunden har høve til fritt å seia opp eller byta vaktselskap, utan å verta ilagt noko gebyr eller avgift hjå KVAM SECURITY.

 

§ 18 ALARMAR, NØKKELBOKS, SKILT OG KLISTREMERKE VED OPPSEIING

Kunden eig alarmen ved gyldig oppseiing. Alarmen er då kunden sin eigendom.

Objekt som ikkje tek imot KVAM SECURITY sine alarm og tryggleikstenester, får ikkje høve til å setja opp skilt som er merka med KVAM SECURITY. Dersom abonnement vert sagt opp, vil skilt og klistremerke merka med KVAM SECURITY verta fjerna frå objektet. KVAM SECURITY står ikkje ansvarleg for montering av alternative alarmskilt. Kunden må sjølv montera opp eventuell ny alarmskilting.

 

§ 19 ANSVAR OG FORSIKRING

A. Abonnementet gjer ikkje anna forsikring overflødig. Kunden treng like fullt forsikringsdekning for skadar valda av innbrot, brann, skadeverk, vasskadar, transport og liknande.

B. KVAM SECURITY er ikkje ansvarleg for skade eller tap som fylgje av teknisk svikt på alarmsystemet, eller manglande teneste, når dette ikkje har direkte årsak i grov aktløyse og/ eller overlegg hjå selskapet og/ eller dei tilsette.

C. KVAM SECURITY er ikkje ansvarleg for teknisk svikt på alarmsystemet som kunden sjølv burde ha avdekka ved regelmessig test av alarmsystemet. Kunden har sjøl ansvar for å testa ut at alarmen til einkvar tid fungerar. KVAM SECURITY sitt tekniske ansvar begrensar seg til å sjekka at alarmen fungerar i samband med årleg service som vert utført av KVAM SECURITY. Utover dette pliktar kunden sjølv å følge med at alarmen fungerar og umiddelbart melda i frå til KVAM SECURITY dersom den ikkje gjer det, slik at feil så raskt som mogleg vert utbetra.

D. KVAM SECURITY er ikkje ansvarleg for konsekvensar av lovendringar eller pålegg frå offentleg styremakt, tele- eller straumleverandør.

E. Ansvar som KVAM SECURITY kan påførast i samhøve med gjeldande avtale og etter lov, vert dekka av føretaket si næringslivsforsikring. KVAM SECURITY sitt bedriftsansvar er avgrensa oppover til NOK 1 million.

F. Kunden må omgåande melda ifrå om inntrefte skadar etter forhold som kan føra til erstatningskrav mot KVAM SECURITY. Krav må setjast fram skriftleg.

G. Dersom KVAM SECURITY si vaktstyrke vert operativt fråverande i ein ekstraordinær situasjon, vil kunden kunne krevja refusjon for det tidsrommet av abonnementet selskapet ikkje var operativt for utrykking. Kunden kan derimot ikkje gjera krav på anna erstatning dersom ein slik situasjon skulle oppstå. Ein ekstraordinær situasjon er en situasjon som ikkje er basert på selskapet si daglege drift, men som kan oppstå på grunn av noko uforutsett, slik som omfattande sjukdom som gjer at selskapet ikkje maktar å erstatta vaktstyrken.

Skulle ein slik situasjon oppstå, vil alarmen vera direkte tilkopla alarmsentralen, og kunden og/ eller dei avtalte kontaktpersonane vil umiddelbart verta varsla på oppgjevne telefonnummer. Merk at ein slik situasjon ikkje vil få innverknad på utrykking ved brannalarmar.

H. Dersom fleire alarmar går til same tid, vil KVAM SECURITY rykkja ut til objekta i samhøve med interne prosedyrar. Interne prosedyrar vert haldne konfidensielle av tryggleiksmessige årsaker.

§ 20 FEIL HJÅ TREDJEMANN OG FORCE MAJEURE

KVAM SECURITY er aldri erstatningsansvarleg når avbrytingar, driftsforstyrringar, feil, skadar med meir skuldast såkalla "Force Majeure". Dette gjeld tilhøve utanfor KVAM SECURITY sin kontroll; herunder lynnedslag, overfløyming, streik, lockout, krig, terror, feil hjå tredjemann, systembrot eller andre forhold som i samhøve med vanleg avtalerett vert rekna som såkalla force majeure-hendingar.

§ 21 OVERDRAGING

I samband med sal eller anna overdraging av heile eller delar av KVAM SECURITY, reserverer KVAM SECURITY retten til heilt eller delvis å overdraga kunden sitt abonnement og KVAM SECURITY sine rettar og plikter, etter forretningsvilkår til tredjemann utan samtykket til kunden.

§ 22 TVISTAR

Partane skal søkja å løysa eventuelle tvistar gjennom forhandlingar.

Dersom dette ikkje fører fram, skal eventuelle tvistar og usemjer åleine avgjerast ved dei norske domstolane, i samhøve med norsk rett.

Hardanger tingrett vert avtalt som rett verneting, for alle forhold som gjeld den